Våren - Sissel

Våren - Sissel

  • Альбом: In Symphony

  • リリース年: 2001
  • 言語: ノルウェー語
  • 間隔: 5:45

以下は曲の歌詞です Våren 、アーティスト - Sissel 翻訳付き

歌詞 " Våren "

原文と翻訳

Våren

Sissel

Enno ein Gong fekk eg Vetren å sjå

for Våren å røma;

Heggen med Tre som der blomar var på,

eg atter såg bløma.

Enno ein Gong fekk eg Isen å sjå

frå Landet å fljota,

Snjoen å bråna og Fossen i Å

å fyssa og brjota.

Graset det grøne eg enno ein Gong

fekk skoda med Blomar;

enno eg høyrde at Vårfuglen song

mot Sol og mot Sumar.

Eingong eg sjølv i den vårlege Eim,

som mettar mit Auga,

eingong eg der vil meg finna ein Heim

og symjande lauga.

Alt det, som Våren imøte meg bar

og Blomen, eg plukka,

Federnes Ånder eg trudde det var,

som dansa og sukka.

Derfor eg fann millom Bjørkar og Bar

i Våren ei Gåta;

derfor det Ljod i den Fløyta eg skar,

meg tyktes å gråta

200万曲以上の歌詞

様々な言語の楽曲

翻訳

あらゆる言語への高品質な翻訳

クイック検索

必要なテキストを数秒で見つけます