Mot Myrke Vetteren - Glittertind

Mot Myrke Vetteren - Glittertind

Альбом
Landkjenning
Год
2013
Язык
`ノルウェー語`
Длительность
242360

以下は曲の歌詞です Mot Myrke Vetteren 、アーティスト - Glittertind 翻訳付き

歌詞 " Mot Myrke Vetteren "

原文と翻訳

Mot Myrke Vetteren

Glittertind

Velkomen atter hit til våre grender

Velkomen her, du sæle sumarkveld

Med lauv og gras utyver alle strender

Og gule blomar i den grøne feld

Med lette småsky, lagd i lange render

Som trådar i det høge himmeltjeld

Og med den milde ljossken, som seg breider

Utyver fjell og fjord på alle leider

Den siste solblenk er i havet sokken

Den fyrste kjem snart or den låge grop

Ein dag er tendrad, fyrr enn hin er slokken

Og kveld og morgon renna heilt ihop

Snart vaknar upp den kvilde fugleflokken

Og helsar morgonen med glederop

So riser soli til den lange svingen

Og set ein annan let på heile kringen

Kom, lat oss nøyta tidi, som ho skrider

Og minnast, at ho skrider ofsa fort

Med kvar ein dag, med kvar ein kveld, som lider

Eit stig mot myrke vetteren er gjort

Det kjem ein dag, då kvar ein blom, som bider

Er fallen av, og slikt eit fall er stort

Di skal eg sjå på blomen, fyrr han blaknar

Og nøyta sumar’n, fyrr eg honom saknar

200万曲以上の歌詞

様々な言語の楽曲

翻訳

あらゆる言語への高品質な翻訳

クイック検索

必要なテキストを数秒で見つけます